|
Neste Agro Hordaland vert i 1. og 2. november 2013!
FØRST AV ALT vil vi takka for frammøtet, deltakinga og engasjementet på Agro Hordaland 2011. De var alle med å gjere arrangementet til den møteplassen vi ynskjer å få til!
KVA SÅ MED FRAMTIDA? Jo, på evalueringsmøtet 3. januar 2012, bestemte arrangørane seg for å leggje neste arrangement til 1. og 2. november 2013. Hovudgrunnen er ønsket om vekselvise arrangement mellom Agro Hordaland og Agro Nordvest. For å kome i rute, ”hoppar” vi difor over eitt år, og reknar med at vestlendingane lengre nord, skipar til arrangement 2012.
Samstundes treng arrangørane i Hordaland, tid til å sjå tilbake, gjere opp skikkeleg status og samle trådane - før ein går på ny frisk, med nye og gjevande arrangement. Opplegget vil i stor grad vere som før, men med innfallsvinklar og vriar som stadig aktualiserar Agro Hordaland som treffpunkt og utviklingsarena.
Inga Winjum Rørlien har teke over leiarvervet i arrangement-komiteen etter Hans Arne Breivik. Arrangørane vil byrje planlegginga tidleg, og legg opp til en open og inkluderande prosess om innhaldet i programmet. Kom gjerne med framlegg og innspel!
Men til tross for kvileåret, blir ikkje samarbeidet mellom organisasjonane sett på vent. Snare tvert om. Intensjonen er å bruke 2012 til å løfte arbeidet med rekruttering til næringa vår, både i form av organisasjonsarbeid og fellestiltak. Såleis vert den gode kontakten vidareført og utvikla gjennom samordna innsats.
Søk difor gjerne samarbeid om rekrutteringstiltak i 2012 - og kontakt gjerne oss mogeleg samarbeid!
|